Norsk Lovtidend er ein publikasjon som blir gitt ut av Justisdepartementet. Den inneheld alle lovvedtak, grunnlovsvedtak, provisoriske anordningar, Stortingets skattevedtak og forskrifter. Den kan også innehalde andre forvaltingsavgjerder og overeinskomstar med framande statar.

Viss ikkje tidspunktet er oppgjeve i lova eller forskrifta, eller i eige delegert vedtak, trer ei lov eller ei forskrift i kraft ein måned etter den dag då den har blitt kunngjort i Norsk Lovtidend, jfr. lov om Norsk Lovtidend m.v. § 3. Det er i moderne tid svært sjeldan at tidspunktet for ikraftsetjing ikkje er tydeleg oppgjeve.

Bakgrunnsstoff endre