Provisorisk anordning

Provisorisk anordning, provisorisk ordning eller provisorium (frå latin provisio = omsut, omsorg) er ei mellombels ordning som er meint som ei naudløysing til ei permanent ordning kan bli sett i verk.

I daglegtale kan provisorisk ordning bli brukt om til dømes ei endring til eit mellombels møtelokale, ei mellombels tetting av ei vasslekkasje, og liknande.

I lovverk og politikk endre

«Provisorisk anordning» er Grunnlova § 17 sitt omgrep for ein mellombels regel med lovs kraft vedteke av regjeringa (Kongen i statsråd). Slik provisorisk anordning kan vedtakast når Stortinget ikkje er samla. Grunnlova § 17 gir heimel til provisoriske anordninger på område som gjeld «Handel, Told, Næringsveie og Politi».

  • «§ 17. Kongen kan give og ophæve Anordninger, der angaa Handel, Told, Næringsveie og Politi; dog maa de ikke stride mod Konstitutionen og de (saaledes som efterfølgende §§ 77, 78 og 79 bestemme) af Storthinget givne Love. De gjælde provisorisk til næste Storthing».

Ei provisorisk anordning varer ikkje lenger enn til det neste ordentlege stortinget blir oppløyst. Stortinget kan på si side med ei ny lov forkaste ei provisorisk andordnig straks det trer saman.

Bruk av provisorisk anordningar endre

Andre verdskrigen endre

Under den andre verdskrigen blei det gitt ei rekkje med provisoriske anordninger av London-regjeringa. Desse baserte seg på Elverum-fullmakta, konstitusjonell naudrett og den alminnelege heimelen i grunnlova § 17.

Etter andre verdskrigen endre

I dei seinare åra har provisoriske anordningar vanlegvis blitt gitt for å stogge arbeidslivskonflikter med store samfunnsmessige konsekvensar. Den provisoriske anordninga går då ut på tvungen lønsnemnd. Eit døme på annan bruk av provisorisk anordning var då regjeringa Jagland 18. juli 1997 i samband med konfliktar i MC-miljøa, den såkalla MC-krigen, vedtok provisorisk anordning om opphaldsforbod på visse stadar for å verne om liv og eigedom.

Bakgrunnsstoff endre

Lenkje til Grunnlova § 17 hos Lovdata