Norsk Luftfartsmuseum

Norsk Luftfartsmuseum i Bodø

Norsk Luftfartsmuseum er nasjonalt museum for luftfart i Noreg. Museet omfattar militær og sivil luftfartshistorie fordelt på rundt 12 000 m², og utstillinga er den største i Norden innan luftfart. Museet ligg i Bodø og er forma som ein gigantisk propell. Bygningen er teikna av det lokale arkitektfirmaet Boarch arkitekter.[1]

Museet vart opna av kong Harald V den 15. mai 1994.

UtstillinganeEndra

 
Lockheed U-2 «spionfly»

Utstillingane til Norsk Luftfartsmuseum fortel historia om luftfart, med fokus på den norske historia frå byrjinga og fram til i dag.

I utstillinga finst blant anna fly som Supermarine Spitfire, F-5 Freedom Fighter, CF-104 Starfighter, Junkers Ju 88, spionflyet U-2, Junkers Ju 52, Twin Otter og Fokker F28 Fellowship.

Museet har eigen verkstad for restaurering av fly, og mange av flya i utstillinga er restaurerte her. Om ein er spesielt interessert er det mogleg å kontakta museet på førehand og be om å få vitja restaureringsverkstaden. I tillegg har museet, i samarbeid med Bodø Luftfartshistoriske Forening og andre samarbeidspartnarar, berga og samla inn fleire gamle flyvrak, og vrakdelar frå både fjell og under vatn.

Strid om plasseringEndra

Det var lenge strid om kvar museet skulle liggja. Miljøet rundt Forsvarets flysamlingGardermoen ynskte å byggja museet der, medan miljøet i Bodø ynskte å ha museet i Bodø kommune. 31. mars 1992 vedtok Stortinget at det skulle byggjast eit felles museum for sivil og militær luftfart i Bodø.

PlasseringEndra

Norsk Luftfartsmuseum ligg i Bodø i Nordland fylke, omtrent halvannan kilometer frå Bodø sentrum. Bodø vidaregåande skule avd. flyfag har lokale i same bygg.

KjelderEndra

  1. «Norsk luftfartsmuseum». BOARCH. Henta 6. januar 2017. 

BakgrunnsstoffEndra