Junkers Ju 88 var eit tysk to-motors lett bombefly, nattjagar og angrepsfly produsert av Junkers. Det vart brukt av blant anna Luftwaffe under den andre verdskrigen. Utviklinga av flyet byrja i 1936, og ved slutten til krigen var det produsert 14 780 fly i ulike variantar. Ju 88 vart òg vidareutvikla i form av Ju 188, Ju 288 og Ju 388.

Junkers Ju 88

Utvikling og variantar endre

Ju 88 vart utvikla for å imøtekoma ein spesifikasjon frå det tyske luftfartsministeriet for ein ny «Schnellbomber» som skulle kunna fly i ein fart på 500 km/t med ein bombelast på opptil 800 kg. Den fyrste prototypen Ju 88 V1 flaug fyrste gong 21. desember 1936, utstyrt med to Daimler-Benz DB 600Aa motorar. Den andre prototypen V2 introduserte dei ringforma radiatorane, og V3 bytte ut DB 600-motorane med to Junkers Jumo 211A.

Med Ju 88 V4 vart mannskapkabinen endra til den standarden som kjenneteikna den første produksjonsserien. V5 vart brukt til å setja verdsrekord for distansen 1 000 km med ei nyttelast på 2 000 kg den 9. mars 1939, med ein gjennomsnittsfart på 517 km/t. Fleire følgjande prototypar introduserte fleire endringar, og i 1939 vart ein pre-produksjonsserie under nemninga Ju 88A-0, som vart klarert for ein bombelast på 2 400 kg, sett under evaluering.

Dei første Ju 88A bombeflya vart operative ved Luftwaffe i august 1939, og sjølv om produksjonen var treig til å byrja med,, skulle A-serien utgjera over halvparten av alle Ju 88 som vart produsert. Ju 88B vart berre bygd i ein liten pre-produksjonsserie, men skulle verta utgangspunktet for utviklinga av Ju 188. Ju 88S var den siste av bombeflyvariantane som vart produsert.

Ju 88C vart opphavleg utvikla som ein «Zerstörer», eit tungt jagarfly i same klasse som Messerschmitt Bf 110, men fekk ei viktig rolle som nattjager, og over 3 200 fly av denne varianten vart produsert. Ju 88G, som òg var ein nattjager, var ein videreutvikling av Ju 88C, men produksjonen kom seint i gang og berre 800 fly vart produsert.

Ju 88P var eit angrepsfly utstyrt med ein eller to panservernskanonar i gondolar under buken for bruk mot stridsvogner, og Ju 88D, Ju 88H og Ju 88T var rekognoseringsvariantar.

Ju 88 vart òg brukt i ulike typar «Mistel»-kombinasjonar.

Spesifikasjonar (Ju 88A-4) endre

 
Junker sin Ju 88A-4
Tekniske data[1]
Mannskap 4
Lengd 14,4 m
Vengespenn 20,13 m
Høgd 4,85 m
Vingeareal 54,7
Vekt (utan last) 8 000 kg
Vekt (maksimalt) 14 000 kg
Motor 2 × Junkers Jumo 211J (2 × 1 340 hk )

Ytingar
Maksimal fart 433 km/t
Rekkjevidd 1 790 km
Marsjhøgde 8 200 m
Klatrefart 400 m/min
Bevæpning
Maskingevær 4 × MG 81, 7,92 mm 1 × MG 131, 13 mm

Bilete endre


Kjelder endre

Referansar endre

  1. ISBN 80-7237-203-3

Litteratur endre

  • Feist, Uwe. Junkers Ju 88 in action. Carrollton, Texas: Squadron/Signal Publications, 1974. ISBN 3-7909-0026-5

Bakgrunnsstoff endre