Norsk Maritimt Museum

Koordinatar: 59°54′10.346″N 10°41′53.038″E

Norsk Maritimt Museum, til 2010 Norsk Sjøfartsmuseum, er eit museum i Oslo. Museet vart stifta i 1914 i samband med Jubileumsutstillinga på Frogner i Oslo i 1914, då museet fekk overtake utstillingsgjenstandar som var knytt til sjøfart. Gjenstandane låg på lager til 1929. I tida 1929-60 heldt museet til i lokale på Norsk Folkemuseum. I 1960 flytta sjøfartsmuseet til nybygd hus på Bygdøynes i Oslo. 1. januar 2010 endra museet namn frå Norsk Sjøfartsmuseum til Norsk Maritimt Museum.

Norsk Maritimt Museum

StadOslo kommune
Skipa1914
Kart
Norsk Maritimt Museum
59°54′10″ N 10°41′51″ E
Sjøfartsmuseet til venstre, Frammuseet til høgre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre