Norsk Oversetterforening

Norsk Oversetterforening (NO) er ein interesseorganisasjon for omsetjarar av skjønnlitteratur til norsk språk, skipa i 1948. Føremålet for foreininga er å fremje dei økonomiske og faglege interessene til omsetjarane, og styrke kvaliteten på skjønnlitterære omsetjingar. Kvart år honorerer foreininga den beste skjønnlitterære omsetjinga til norsk med Bastianprisen.

Norsk Oversetterforening held til i Garmanngården, Rådhusgata 7 i Oslo, eit av dei eldste husa i byen. Andre foreiningar med kontor i huset er Den norske forfatterforening, Norsk kritikerlag, Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere og Norske Dramatikeres Forbund.

«Skjønnlitterær omsetjar» er ingen verna tittel. Relevant bakgrunn for yrket er språkstudium frå universitet eller høgskule og/eller lengre opphald i utlandet, kombinert med særs gode norsk- og ålmennkunnskapar.

Foreininga har i 2010 om lag 290 medlemar som kan omsetje frå om lag 48 språk.

Bakgrunnsstoff endre

Sjå òg endre