Skjønnlitteratur

Skjønnlitteratur viser til litteratur som hovudsakleg er dikta opp, til forskjell frå sakprosa, som skal skildra faktiske tilhøve. Sidan antikken har ein delt skjønnlitteratur i hovudsjangrane epikk, lyrikk og dramatikk, som igjen kan delast inn i undersjangrar.

Nokre døme på skjønnlitteratur er roman, novelle, dikt, epos og skodespel.

Nokre former for litteratur kan bevega seg mellom skjønnlitteratur og sakprosa, til dømes biografi eller anna historieforteljing.

KjelderEndra