Norske Konsertarrangører

(Omdirigert frå Norsk Rockforbund)

Norske Konsertarrangører (NKA), tidlegare Norsk Rockforbund, er ein norsk interesseorganisasjon for konsertarrangørar.

Orgnisasjonen blei stifta i 1982 som Norsk Rockforbund. Han endra namn til Norske Konsertarrangører ved landsmøtet 10. mai 2014. 1. januar 2015 hadde organisasjonen 300 medlemmer, der medlemmene var festivalar, rockeklubbar, bluesklubbar, spelestader, studentsamfunn og rockeverkstader.

Kjerneområde

endre

Norsk Rockforbund har tre kjerneområde:

  1. Interessepolitikk
  2. Kompetansehevande tiltak og arrangørutvikling
  3. Medlemsservice

Publikasjonar

endre

Norsk Rockforbund har gitt ut fleire publikasjonar:

  • Feite Forestillinger – Norsk Rockforbunds lærebok for konsertarrangører
  • Sikkerhetshåndboka
  • Miljøhåndboken
  • There's Gonna be some Rocking! – Lærebok for håndtering av frivillige
  • Kunsten å være seg selv – En identitetshåndbok for konsertarrangører
  • Teenage Kicks – Konsertgjennomføring for de under 18 år

Organisasjon

endre

Organisasjonen har eit landsmøte, vedtekter og valgt styre. Hovudtyngda av medlemane er organisert i fire faste fagråd:

Fagråda skal bidra til samarbeid og spissa kompetansebygging innanfor sine arrangørsegment. Modellen bygger på erkjenninga av at medlemane sin samla kompetanse er organisasjonen sin viktigaste ressurs, og at den beste arrangørutviklinga er å la medlemane lære av kvarandre.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre