Norsk Tidend (1940–1945)

Norsk Tidend var ei norsk avis som fungerte som informasjonsavisa til den norske eksilregjeringa i London under under andre verdskrigen. Avisa vart gjeven ut to gonger i veka frå 30. august 1940 til 23. mai 1945, berre med eit opphald då trykkeriet vart bomba. Avisa vart først utgjeven av Utanriksdepartementet, men vart overført til informasjonskontoret til regjeringa i oktober 1940.

Norsk Tidend, «utgitt av Den kgl. norske regjerings informasjonskontor i London» onsdag 14. februar 1945: «34 nordmenn er henrettet i Oslo. Ny nazistisk terrorbølge over landet». Oppslag om gjengjeldingsavrettingar etter at general-major Karl Marthinsen vart skoten 8. februar
Foto: Frå utstilling ved Norges Hjemmefrontmuseum

Redaktørar var først Jacob Vidnes (august-oktober 1940), så Sigvard Andreas Friid (1940–1942) og til sist Jonas Schanche Jonasen (1942–1945). Blant andre bidrog Arne Skouen under namnet Bjørn Stallare, med skildringar frå det okkuperte Oslo. Ein av journalistane var Albert Henrik Mohn. Pedro (Salo Grenning) var avisteiknar i avisa i perioden 1944-45.

Kjelder endre