Opna hovudmenyen

Karl Alfred Nicolay Marthinsen (25. oktober 18968. februar 1945) var ein norsk politimann som var sjef for Statspolitiet i Noreg under andre verdskrigen. Han vart skoten av motstandsfolk i Oslogjengen på Blindern i Oslo.

Karl A. Marthinsen
Karl A. Marthinsen vid Arbeidstjenestens samling på Universitetsplassen ved Universitetets aula. (8613727298).jpg
Fødd25. oktober 1896
Karlsøy
Død8. februar 1945
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiNasjonal Samling
Yrkepolitikar

LivEndra

 
Norsk Tidend sitt oppslag om represaliane etter likvideringa av Martinsen

Marthinsen var fødd i Karlsøy, men før han var året flytta familien til eit fiskevær i dagens Nordkapp kommune, og medan han var i tenåra, vidare til Mehamn. I 1918 tok han eksamen ved underoffiserskule og vart utnemnd til sersjant. Han tok deretter handelsskule og arbeidde i fire år på kontoret til eit fiskemottak i Mehamn. Sidan vende han tilbake til det militære og var stasjonert Kirkenes, der han var etterretningsoffiser i staben til Aust-Finnmark forsvarsavsnitt.

I 1933 melde Marthinsen seg inn i Nasjonal Samling. Vinteren 1940 kom han i kontakt med sjefen for utrykningspolitiet, den framståande NS-mannen Jonas Lie, som var i Finnmark grunna vinterkrigen mellom Sovjetunionen og Finland. Etter at den tyske okkupasjonsmakta hadde oppløyst det norske forsvaret, gjekk Marthinsen inn i politiet. Han steig raskt i gradane og vart sjef for det norske tryggingspolitiet med tittelen politigeneral, og rapporterte direkte til politiminister Jonas Lie.

Våren 1941 vart Statspolitiet danna, basert på ei samordning av overvakings- og utrykningspolitiet. Marthinsen fekk sjefsstillinga i Stapo og var sidan den sentrale leiaren i norsk politi, nest etter Jonas Lie. Frå 30. mars 1944 var Marthinsen også landshirdsjef. Han var ein effektiv og til dels omsynslaus politileiar, som mellom anna aksepterte utstrakt bruk av tortur. Marthinsen stod også sentralt då dei norske jødane vart arresterte og sende til Tyskland.

Kring månadsskiftet januar-februar 1945 gav leiinga i Milorg ordre om at Marthinsen måtte ryddast or vegen. Morgonen 8. februar 1945 låg folk frå Oslogjengen gøymde ved ein bakketopp i Blindernveien på universitetsområdet. Sidan bilen til Marthinsen gjekk på knott, mista bilen mykje motorkraft og hadde låg fart på bakketoppen. Der, frå ein posisjon bak ein vedstabel ved Farmasibygninga, skaut attentat-folka mot bilen med brengun. Marthinsen vart drepen på staden, medan sjåføren vart skadeskoten.

Okkupasjonsstyret sette i verk omfattande represaliar etter drapet på Marthinsen. Til saman 29 personar vart avretta på Akershus festning som svar på attentatet. Marthinsen vart gravlagd på æreskyrkjegarden Ekeberg i Oslo. Då kyrkjegarden vart nedlagd, vart leivningane i 1952 flytta til Vår Frelsers gravlund i Oslo.

KjelderEndra

  • Norge i krig. 1984