Norsk buhund
Norsk buhund er ein norsk spisshundrase. Det er ein allsidig gardshund og blir antatt å vera ein gammal rase. Buhund har vore brukt til å gjeta sau, geit, storfe og hestar. Buhunden har òg vore brukt til jakt på elg, rådyr, rev og skogsfugl. Han har fungert som vakthund og har i moderne tid vorte vanleg som familiehund. Buhunden er litt under middels stor med kvadratisk fasong. Halen er stramt opprullet og øra er spisse og står rett opp. Av gemytt er den vaken, energisk, modig og vennleg overfor menneske.
Dei eldste funna i Noreg er av ein spisshundtype som liknar norsk buhund, men ingen kan knyta slike funn til bestemte rasar. Likevel er det på grunnlag av dei store likskapane stort sannsyn for at desse tidlege norske hundane er nært nærskyldt med norsk buhund. Buhunden er Noregs nasjonalhund.