Norsk kvit sau er ein norsk sauerase av crossbredtypen. Sidan 1970-åra har ulike norske og utanlandske crossbredraser blitt kryssa saman, slik at svært mykje av den norske sauen i dag er kryssingar. På bakgrunn av dette vart rasenamnet Norsk kvit sau innført i 2000/2001. Den norske kvite sauen er ein relativt ueinsarta rase, men jamt over er han meir spedlemma, rasktveksande, fruktbar og kjøtfull enn til dømes den opphavlege dalasauen.

Norsk kvit sau
Foto: Guttorm Flatabø

I sauekontrollen utgjorde norsk kvit sau 69 % av søyene i 2006. Rasen er slik den mest utbreidde i Noreg. Det er Norsk Sau og Geitavlslag som driv det organiserte avlsarbeidet for norsk kvit sau.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre