Norsk lysingsblad

Norsk lysingsblad er ein norsk offentleg publikasjon som vert gjeven av den norske staten ved Digitaliseringsdirektoratet etter lov av 11. oktober 1946 om Norsk Lysingsblad.[1] Bladet kom ut første gongen i 1883 under namnet Norsk Kundgjørelsestidende.

Publikasjonen har kunngjeringar om proklama, gjeldsforhandlingar, mortifikasjonar og andre kunngjeringar som skilsmissesaker og forliksklager. Hovudsakleg inneheld Norsk lysingsblad kunngjeringar som ein kan eller skal kunngjera med heimel i lov.[2]

Sidan 1. juli 2005 har Norsk lysingsblad berre kome ut som elektronisk publikasjon.[3]

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra