Norsk Tidend

(Omdirigert frå Norsk tidend)
For informasjonsbladet til londonregjeringa som kom ut i London under den andre verdskrigen, sjå Informasjonsbladet Norsk Tidend.

Norsk Tidend er ei avis som vert utgjeven av Noregs Mållag. Ho har hovudkontor saman med mållaget i Oslo. Avisa er eit framhald av avisene Fedraheimen og Den 17de Mai.[1] Norsk Tidend starta opp som dagsavis i 1935, same året som Den 17de Mai vart lagd ned. Etter kvart vart avisa ei medlemsavis for Noregs Mållag, og ho kjem ut fem gonger i året. Alle medlemane i Noregs Mållag og Norsk Målungdom mottek avisa. Opplaget er om lag 15 000.[treng kjelde]

Redaktør for Norsk Tidend er Vemund Norekvål Knudsen (frå august 2022).[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Norsk Tidend» (PDF). 2022. 

Bakgrunnsstoff endre