Noregs Mållag

interesseorganisasjon for bruk av nynorsk

Noregs Mållag er ein norsk organisasjon som vart stifta i 1906 for å fremja landsmål (nynorsk). Organisasjonen gjev ut medlemsbladet Norsk Tidend. Noregs Mållag deler kvart år ut Målprisen, Nynorsk litteraturpris, Nynorsk barnelitteraturpris og (frå 2006) Nynorsk næringslivspris. Føremålet til Noregs Mållag er å arbeida for å gjera den norske målreisingstanken til røyndom.

Noregs Mållag
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer970205942
Skipa1906
HovudkontorOslo
LeiarKnut Markhus, Peder Lofnes Hauge
TenesterNorsk Tidend, Nynorsk litteraturpris, Nynorsk barnelitteraturpris, Nynorsk næringslivspris, Målprisen
Nettstadhttps://nm.no Sjå dette på Wikidata

Noregs Mållag vart skipa på eit målstemne 4.–5. februar 1906, samstundes som partiet Venstre hadde landsmøte. Fram til 1922 var namnet Norigs Maallag. Fyrste formann vart Marius Hægstad. Leiar frå 2020 er Peder Lofnes Hauge. Noregs Mållag har saman med ungdomsorganisasjonen Norsk Målungdom over 15 000 medlemer.[1]

Historie

endre

Tida før skipinga i 1906

endre

Før skipinga av Noregs Mållag fylte andre organisasjonar og institusjonar rolla som hovudorgan for den nynorske målreisinga. Det Norske Samlaget (skipa 1868) hadde som føremål å fremja bokutgjeving på nynorsk og dialekt og fungerte dessutan frå 1870-åra som politisk hovudorganisasjon for målreisinga. Ei særleg viktig rolle fekk Samlaget som kontaktorgan mellom staten og målrørsla, og løyvingane til nynorske føremål frå 1881 (til publisering og nynorskkurs for lærarar) vart kanaliserte gjennom Samlaget.

Medan Samlaget heldt på denne rolla som kontaktorgan, kom det frå midten av 1890-åra til tre andre nynorsktiltak som tok over andre sentralfunksjonar for målrørsla. Med målavisa Den 17de Mai (1894) vart det etablert eit nytt tyngdepunkt for agitasjon og politisk strategiutvikling i hovudstaden. Redaktør Rasmus Steinsvik (1894–1913) vart den sterke mannen og den leiande strategen i målrørsla, iallfall fram til 1906. Finansieringslaget Maalkassa (1895–ca. 1910) sprang ut av miljøet kring Den 17de Mai og vart etablert og drive av framståande målfolk.

Attåt å reisa pengar til måltiltak, fekk Maalkassa òg raskt ein posisjon som uformelt landslag for målreisinga. Særleg viktig vart Norsk maalkontor (1900–1915) som Maalkassa og Samlaget etablerte i lag og som Maalkassa finansierte. No fekk målrørsla ein fast distribusjonssentral for nynorske skrifter og ein agitasjonssentral. Med Noregs Ungdomslag (skipa 1896) fekk målrørsla òg ein brei landsorganisasjon med fleire hundre lokallag og mange tusen medlemer. Alt frå skipinga gjorde samskipnaden målsaka til fremste arbeidsoppgåve. Ideen om å etablera eit eige landslag for målsaka vart fyrst reist alt kring 1870 i Vestmannalaget (skipa 1868), og diskusjonen kom jamt opp gjennom 1880- og 90-åra, særleg i målmiljøet i hovudstaden.

Grunnleggjaren av Samlaget, H. E. Berner, tok i 1883 initiativet til eit landslag for målsaka, men dei dominerande kreftene i målmiljøet i hovudstaden valde heller å satsa på Samlaget og på arbeid innanfor partiet Venstre, som historikaren Leiv Mjeldheim har karakterisert som den politiske verneengelen til målrørsla. Diskusjonen om eit landslag vart reist med ny kraft i samband med organiseringa av fylkesmållaga 1899–1901, og krava kom no i aukande grad frå det lokale og regionale tillitsmannsapparatet. Der vart det argumentert med at det trongst eit landslag for å yta hjelp til lokale mållag i det arbeidet ein no stod framfor med å føra inn nynorsk i lokalsamfunna. Men målmiljøet i hovudstaden, og særleg redaktør Rasmus Steinsvik, var kraftig imot ideen om eit landslag og argumenterte med at grunnorganisasjonen framleis ikkje var sterk nok til å bera og finansiera eit landslag. Steinsvik la til ein viss grad òg lok på debatten om spørsmålet.

Då målmiljøet i hovudstaden (Samlaget, Maalkassa, Den 17de Mai og Noregs Ungdomslag) tok initiativet til målstemnet i februar 1906, stod skipinga av eit landslag såleis heller ikkje på saklista. Føremålet var å forma ut eit samla krav frå målrørsla til partia framfor stortingsvalet hausten 1906 — difor vart òg målstemnet i Oslo halde dagen før Venstre skulle ha landsmøte same stad. Initiativet til eit landslag kom på slutten av møtet som eit benkeframlegg frå Johannes Lavik, bladstyrar i Gula Tidend og leiar for målfolket vestafjells. Både framlegget om å skipa eit landslag og førebelslovene for ’Norigs maallag’ gjekk då samrøystes gjennom mellom 1 og 2 natt til 5. februar.

Tida fram til andre verdskrigen

endre

Frå førstninga arbeidde mållaget politisk. Det hadde landsmøte kvart tredje år, i samband med stortingsvala. Frå 1910-åra tok mållaget under Edvard Os til med å byggja opp både hovudorganisasjonen og lokallag, som det etter kvart blei fleire av.

Medan laget først hadde hatt som mål å styrka landsmålet og målrørsla, la det seg etter kvart på ei sterkare line. I arbeidsprogrammet frå 1921 blei det slått fast at «Det norske målet skal verta atterreist til einaste riksmål i landet.»

Målsak under andre verdskrigen

endre

Mållaget blei oppløyst av varaformann Gustav Indrebø (formannen Knut Markhus var fengsla) i mars 1942, då nazistane ville ha makta der. Fleire lokallag blei lagde ned under krigen, og medlemstalet sokk.

Noregs Mållag i etterkrigstida

endre

Etterkrigstida var prega av tilbakeslag for den tidlegare så framgangsrike nynorsken. Frå 1944 var det nedgang i talet på skulekrinsar som hadde nynorsk som hovudmål. Samstundes var mållaget plaga av indre strid, der ulike retningar ønska å halda på tradisjonelle former eller la skriftspråket nærma seg bokmål. Striden førte til at Vestmannalaget melde seg ut av Noregs Mållag i 1962, medan Vestlandske Mållag braut ut under landsmøtet i 1970.

Mållaget tona ned tanken om at nynorsk skulle vera einaste skriftspråket i landet, og markerte seg i kampen for dialektbruk. I det nye prinsipprogrammet frå 1976 heitte det at «Noregs Mållag arbeider for at alle fritt skal kunna nytta dialekten sin, og for at folket etter kvart samlar seg om og tek i bruk det nynorske skriftmålet». Frå denne tida kom òg slagordet «Snakk dialekt, skriv nynorsk».

I dei seinare åra har Noregs Mållag lagt vekt på å sjå nynorsken som del av det språklege mangfaldet i landet. Det kjem til uttrykk bl.a. i det internasjonale programmet frå 2005, likeins i slagordet for jubileumsfeiringa i 2006: "Mange røyster – felles mål".

Organisasjonen

endre

Fylkeslag

endre
  1. Aust-Agder Mållag
  2. Austmannalaget (Hedmark og Oppland utanom Valdres)
  3. Buskerud Mållag
  4. Fylkesmållaget Vikværingen (Oslo, Akershus og Vestfold)
  5. Hordaland Mållag
  6. Karmsund Mållag (delar av Rogaland og Hordaland)
  7. Naumdøla Mållag
  8. Nordland Mållag
  9. Nordmøre Mållag
  10. Rogaland Mållag
  11. Romsdal Mållag
  12. Sogn og Fjordane Mållag
  13. Sunnmøre Mållag
  14. Telemark Mållag
  15. Troms og Finnmark Mållag
  16. Trønderlaget (Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, utanom Namdalen)
  17. Valdres Mållag
  18. Vest-Agder Mållag
  19. Yrkesmållaga
  20. Østfold Mållag
  21. Direkte innmelde lag

Direkte innmelde lag, eller beinveges innmelde lag, er lag som er med i Noregs Mållag utan å vera med i eit fylkesmållag. Dei direkte innmelde laga er Kvinnherad Mållag, Skedsmo Mållag og Vefsn Mållag. I 2004 hadde desse laga 103 medlemer.

Norsk Målungdom har rettar som eit fylkeslag.

Yrkesmållag

endre

Leiarar i Noregs Mållag

endre

Tittelen vart endra frå formann til leiar i 1982. Leiaren er på val på alle ordinære landsmøte. I 2014 gjekk leiarperioden frå å vere eitt til to år.

  1. 1906–1909: Marius Hægstad
  2. 1909–1912: Jørgen Løvland
  3. 1912–1915: Nikolaus Gjelsvik
  4. 1915–1917: Fredrik Voss
  5. 1917–1921: Olaus Islandsmoen
  6. 1921–1925: Halvdan Koht
  7. 1925–1926: Knut Liestøl
  8. 1926–1929: Torleiv Hannaas
  9. 1930–1932: Gustav Indrebø
  10. 1932–1936: Anders Todal
  11. 1936–1942: Knut Markhus
    (verksemda var nedlagd i tida 1942–1945)
  12. 1946–1949: Hans Eidnes
  13. 1949–1952: Asbjørn Øverås
  14. 1952–1957: Knut Robberstad
  15. 1957–1958: Hartvig Kiran
  16. 1958–1960: Magne Skodvin
  17. 1960–1963: Ivar Eskeland
  18. 1963–1965: Trygve Bjørgo
  19. 1965–1970: Hans Olav Tungesvik
  20. 1970–1971: Bjarne Slapgard
  21. 1971–1973: Steinar Lægreid
  22. 1973–1975: Johan Krogsæter
  23. 1975–1977: Ola Breivega
  24. 1977–1979: Kjell Snerte
  25. 1979–1980: Dagfinn Hjellbrekke
  26. 1981–1984: Maria Høgetveit Berg
  27. 1984–1987: Ola E. Bø
  28. 1987–1989: Jon Låte
  29. 1989–1991: Marta Østerås Falch
  30. 1991–1993: Kristian Ihle Hanto
  31. 1993–1994: Jan Olav Fretland
  32. 1994–1997: Olav Randen
  33. 1997–1999: Liv Ingebrigtsen
  34. 1999–2002: Oddmund Løkensgard Hoel
  35. 2002–2002: Vidar Lund
  36. 2002–2003: Håvard Teigen
  37. 2003–2005: Endre Brunstad
  38. 2005–2005: Steinulf Tungesvik
  39. 2005–2006: Nils Ulvund
  40. 2006–2009: Hege Myklebust
  41. 2009–2013: Håvard B. Øvregård
  42. 2013–2016: Marit Aakre Tennø
  43. 2016–2020: Magne Aasbrenn
  44. 2020– : Peder Lofnes Hauge[2]

Skrivarar og daglege leiarar

endre

Tittelen vart endra frå skrivar til dagleg leiar i 1987. Ikkje alle vikarar er med.

Saman med Noregs Ungdomslag

Eiga skrivarstove for Noregs Mållag frå 1. januar 1956

Landsmøte

endre

Mållaget har lagt vekt på å halda landsmøte på ulike stader i Noreg, sjå eigen artikkel om landsmøte i Noregs Mållag.

Desse er utnemnde til heidersmedlemer i Noregs Mållag. Utnemningsåret står i parentes.

Kjelder

endre
  1. «Medlemsrekord for Noregs Mållag». NRK. 29. desember 2023. Henta 8. februar 2024. 
  2. «– Skal krevje meir nynorsk - Noregs Mållag», www.nm.no, henta 29. april 2020 [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff

endre
Litteratur