For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Norvegia (fleirtyding).

Norvegia, tidlegare Norsk Gouda[1], er ein norsk fast løypeost av Gouda-type ysta av pasteurisert kumjølk. Osten har ein mild, lett syrleg smak. Han vert produsert av meierisamvirket TINE, og er den mest selde osten i Noreg.[2]

Norvegia

Andre namnNorsk Gouda
LandNoreg Noreg
ProdusentTINE
MjølketypePasteurisert kumjølk
OstetypeLøypeost
KonsistensFast
FormHjul og skorpefrie blokker
Mogning3-15 månader
Nettstadwww.norvegia.no

TINE lagar osten i fleire ulike variantar. Norvegia Original inneheld 27 prosent feitt og er lagra i kring tre månader før han kjem i sal. Det vert også produsert lengre lagra utgåver av osten, kalla Norvegia Vellagret (9 månader) og Norvegia Ekstra Vellagret (15 månader). Den magrare Norvegia Lettere har 16 prosent feitt og fire månaders lagring, medan Norvegia Fyldig har 30 prosent feitt og er lagra i tre månader. I tillegg vert det laga ein økologisk variant med same feittprosent og lagringstid som Norvegia Original. Osten vert seld til forbrukarane i pakningar med stykke av ymse storleik, og i oppskiva og riven form.

Norvegia vert mykje nytta som pålegg, ofte skoren i tynne skiver med ostehøvel. Dei lengre lagra variantane vert gjerne skorne i bitar med kniv eller streng til osteanretningar. Norvegia vert også mykje nytta i matlaginga i Noreg, til dømes til gratinering, sausar og pizza.

Referansar

endre
  1. Åge Stavran (1993). Sunnmøre meieri 75 år : 1918-1993. Ålesund: Sunnmøre Meieri. s. 88. ISBN 8299287804. 
  2. «Norvegia». Opplysningskontoret for mjølk og mjølkeprodukt. Henta 6. november 2012. 

Bakgrunnsstoff

endre