Tine BA
TINE BA er morselskapet i samvirkekonsernet TINE Gruppa som òg er eigar av varemerket Tine. Kjerneverksemda er produksjon og sal av mjølk, ost og andre meieriprodukt i Noreg og i utlandet.
Tine BA | |||
| |||
Org.form | Samvirkeforetak | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 947942638 | ||
Skipa | 10. november 1928 | ||
Dotterselskap | Diplom-Is | ||
Hovudkontor | Moelv | ||
Land | Noreg | ||
Salsinntekter | 1 992 000 000 norsk krone (2020)[1] | ||
Omsetnad | 1 992 000 000 norsk krone (2020)[1] | ||
Nettstad | http://www.tine.no/ |
TINE Gruppa består av mange heil- og deleigde dotterselskap, med ialt 5 353 tisette og ei årleg omsetjing på 14,7 milliardar kroner. Som eit samvirkeføretak er TINE BA eigd av om lag 18 000 mjølkeprodusentar over heile landet.
Historie endre
Grunnlaget for meierisamvirket i Noreg vart lagt i Nord-Østerdalen i 1881. Då gjekk dei fleste meieria i området saman i éin organisasjon uner namnet «Meieriforeningen». Dette første varige organisatoriske meierisamarbeidet på landsbasis er rekna som starten på TINE. Ein forløpar for dette meierisamvirket var Rausjødalen meieri i Tolga, som var i drift frå 1856 til 1858.[2]
Selskapet var etablert i 1928 som «Norske Meieriers Eksportlag». Frå 1942 skifta selskapet namn til «Norske Meieriers Salgssentral» og frå 1984 «Norske Meierier». TINE vart teke i bruk som varemerke for meierisamvirket i 1992.
TINE er ei av 15 landsdekkande samvirkeorganisasjonar som er medlem av interesseorganisasjonen Norsk Landbrukssamvirke. Landbrukssamvirket har i etterkrigstida spela ei nøkkelrolle ved gjennomføringa av den norske landbrukspolitikken.
Regionale meieriselskap og dotterselskap endre
- TINE Meieriet Nord BA
- TINE Meieriet Øst BA
- TINE Meieriet Sør BA
- TINE Meieriet Vest BA
- TINE Midt-Norge BA
Konsernet eig desse dotterselskapa:
- Norseland Inc.
- Small People AS
- FellesJuice AS
- Diplom-Is AS
- Ostecompagniet AS
- Maritex AS
Tine har i tillegg mindre eigardelar i ei rad andre selskap.
Kjelder endre
Referansar endre
- ↑ 1,0 1,1 «Årsraport 2020» (PDF). Tine. Henta 10. juni 2021.
- ↑ Rausjødalen setermeieri
Bakgrunnsstoff endre
- tine.no. Offisiell nettstad.