Norwegian Archaeological Review
Norwegian Archaeological Review (NAR) er eit norsk arkeologisk forskingstidsskrift utgjeve på engelsk. Tidsskriftet vart skipa i 1968 etter ein idé av arkeologen Bjørn Myhre, som òg var fyrste sjefredaktør i tidsskriftet. Frå 2008 har NAR vore utgjeve av forlaget Routledge i England, eit akademisk forlag som hovudsakleg gjev ut bøker og tidsskrift innanfor faga humaniora.