Bjørn Myhre
Bjørn Myhre (18. juli 1938–28. september 2015), fødd i Time, avliden i Levanger, var ein norsk arkeolog.
Bjørn Myhre | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. juli 1938 Time kommune |
Død |
28. september 2015 (77 år) |
Yrke | arkeolog, professor |
Språk | norsk |
Medlem av | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Myhre tok magistergraden i arkeologi i 1964 ved Universitetet i Bergen med avhandlinga Jernalderens bosetningsutvikling i Høyland fjellbygd. Deretter var han tilsett som konservator ved Stavanger Museum frå 1965 til 1968, og frå 1968 som fyrstekonservator ved Historisk museum i Bergen. Han var professor i arkeologi ved Universitetet i Oslo frå 1985 til 1993, direktør for Arkeologisk museum i Stavanger frå 1993 til 1998, og deretter seniorforskar ved museet fram til 2011.
Myhre stod sentralt i skipinga av tidsskriftet Norwegian Archaeological Review i 1968, og var i fleire år sjefsredaktør i tidsskriftet. Han var forfattar eller medforfattar av fleire viktige bøker om norske arkeologiske funn og om samfunnstilhøve i forhistorisk tid.
Bøker av Bjørn Myhre i utval
endre- Før Viken ble Norge : Borregravfeltet som religiøs og politisk arena. (I serien Norske oldfunn, band XXXI.) [Tønsberg] 2015: Vestfold Fylkeskommune. ISBN 978-82-8084-202-2
- Jorda blir levevei : 4000 f.Kr.-1350 e.Kr., saman med Ingvild Øye, band 1 i Norges landbrukshistorie, Oslo 2002. ISBN 82-521-6009-3
- Osebergdronningens grav : vår arkeologiske nasjonalskatt i nytt lys, saman med Arne Emil Christensen og Anne Stine Ingstad. Oslo 1992: Schibsted. ISBN 82-516-1423-6
- Forhistorien : fra jegergrupper til høvdingsamfunn, saman med Bente Magnus, fyrste bandet i serien Norges historie, redaktør Knut Mykland. ISBN 82-02-15315-8