Notitia Dignitatum

Notitia Dignitatum er eit unikt dokument frå det seinromerske keisarlege kanselliet og er eit av særs få dokument frå den romerske statsadministrasjonen som har overlevd fram til i dag. Dokumentet inneheld ei liste over dei høgare embeta i den sivile og militære administrasjon og kva for provinsar og einingar som var underlagt desse. Ho gjev med dette ei detaljert skildring av den administrative organiseringa av imperiet frå keisarhoffet og ned til provinsnivå. Dokumentet er svært uvanleg og har stor historisk verdi ettersom det er nesten heilt oppdatert med omsyn til situasjonen i Vestromarriket for 420-åra og i Austromarriket for tida kring 400. Det er derfor mest truleg framstilt i den vestlege delen av riket kort tid etter 420-åra. Dokumentet inneheld òg ei rekkje unøyaktigheiter og utelatingar. For kvar av dei to halvdelane av riket rekna Notitia opp alle viktige embete og administrative postar og nemner ofte lokaliteten og titlane på dei underordna medarbeidarane.

Forside til ei utgåve av Notitia Dignitatum

I dag finst det fleire kopiar av dokumentet som blei laga på 1400- og 1500-talet. Alle desse utgåvene er kopiert anten direkte eller indirekte frå ein kodeks som ein veit var lagra ved katedralen i Speyer, men som seinare har ein ukjend lagnad. Denne kodeksen inneheldt ei samling av ulike dokument der Notitia var den siste og største på i alt 164 sider. Kva for andre dokument som var i denne kodeksen er usikkert.[1] Fleire av dei kjente kopiane er illuminerte, og illuminasjonane er truleg kopiar av jamgode bilde i Speyer-kodeksen.

Kjelder endre

  1. Dr. Ingo Maier: http://notitiadignitatum.org/601-spey.pdf Arkivert 3. september 2018 ved Wayback Machine. Speyer Codex

Litteratur endre

  • Westermann Großer Atlas zur Weltgeschichte indeholder kort basert på m.a. Notitia
  • Notitia dignitatum: accedunt Notitia urbis Constantinopolitanae et Laterculi provinciarum, edidit Otto Seeck, Berolini: Weidmann, 1876.
  • A.H.M. Jones, The Later Roman Empire, 284-602. A Social, Economic and Administrative Survey, The Johns Hopkins University Press, 1986, ISBN 0-8018-3285-3