Notter Point
Notter Point er eit kupert nes 6 nautiske mil (11 km) nordaust for Kapp Kjellman ved vestsida av Bone Bay på Trinityhalvøya. Namnet vart gjeve av Argentina i 1953 til minne om Tomas Notter, ein engelsk kaptein i skvadronen til admiral Brown under kampen for det argentinske sjølvstendet. Han døydde i kampen mot den spanske kommandanten Romarate den 21. mars 1814 ombord på det vesle fartøyet Santisima Trinidad, då fartøyet hans gjekk på grunn under fiendtleg eld.
Notter Point | |||
nes | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Trinityhalvøya | ||
- koordinatar | 63°40′S 59°11′W / 63.667°S 59.183°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Notter Point 63°40′00″S 59°11′00″W / 63.6667°S 59.1833°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Notter Point» (innhald frå Geographic Names Information System).