Opna hovudmenyen
Novo mesto
Novo mesto ved Krka
Novo mesto ved Krka
Plassering
Novo mesto is located in Slovenia
Styresmakter
Land Flag of Slovenia.svg Slovenia
Grunnlagd 1365
Borgarmeister Alojz Muhič
Geografi
Flatevidd
 - By

298,5 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2002)
   - folketettleik

40 925
  137,1 /km²
Koordinatar 45°48′0″N 15°10′0″EKoordinatar: 45°48′0″N 15°10′0″E
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 8000
Retningsnummer (tlf) (+386) 07
Nettstad: www.novomesto.si

Novo mesto er ein by i regionen Dolenjska i Slovenia. Han ligg ved elva Krka og har om lag 40 000 innbyggjarar. Byen vert rekna som det økonomiske og kulturelle senteret i regionen. I 2006 vart han sete for eit katolske bispedøme.

HistorieEndra

 
St. Nikolas-kyrkja

Novo mesto, som tyder «ny by» vart grunnlagd som Rudolfswert (slovensk Rudolfovo) den 7. april 1365, kalla opp etter grunnleggjaren erkehertug Rudolf IV av Austerrike. Området der byen ligg har vore busett sidan førhistorisk tid.

Etter den første verdskrigen og Austerrike-Ungarn vart oppløyst, vart byen offisielt Novo mesto. På tysk vart han òg kalla Neustadtl. Under den andre verdskrigen gjekk byen fram og tilbake mellom Tyskland og Italia, før tyskarane til slutt tok kontroll over han.

I 1958 vart ein motorveg mellom Ljubljana og Zagreb i Kroatia bygd ferdig. I dag er denne vegen ein del av Europaveg 70. Med denne motorvegen vart Novo mesto langt betre knytt til resten av Slovenia og Jugoslavia, og vart gradvis eit viktig regionssenter.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Novo mesto

KjelderEndra