Zagreb er hovudstaden og den største byen i Kroatia. Zagreb er det kulturelle, vitskaplege, økonomiske, politiske og administrative senteret i Kroatia, og husar mellom anna Parlamentet, presidenten og regjeringa i landet. Adminstrativt er Zagreb ein eigen kommune, Grad Zagreb («Byen Zagreb»), men er administrativt styrt på same nivå som fylka. I 2021 hadde kommunen Zagreb eit innbyggjartal på 767 131, medan sjølve byen hadde 663 592 innbyggjarar.[1]

Zagreb
hovudstad
Flagg
Symbol
Kallenamn: Beli Zagreb grad ('Den kvite byen Zagreb')
Land  Kroatia
Fylke Zagreb by
Høgd 120 m
Areal 641,2 km²
Folketal 767 131 (31. august 2021)
Postnummer 10000
Retningsnummer 01
Bilnummer ZG
Kart
Zagreb
45°48′47″N 15°58′38″E / 45.813055555556°N 15.977222222222°E / 45.813055555556; 15.977222222222
Zagreb by innanfor Kroatia.
Zagreb by innanfor Kroatia.
Zagreb by innanfor Kroatia.
Distrikta i kommunen Zagreb.
Distrikta i kommunen Zagreb.
Distrikta i kommunen Zagreb.
Wikimedia Commons: Zagreb

Zagreb ligg mellom sørsida av fjellet Medvednica og nordsida av elva Sava i ei høgd 120 meter over havet. Byen ligg plassert i den sørvestlege delen av Den pannoniske sletta, som strekkjer seg mellom Alpane, Dei dinariske Alpane og Adriahavet, og er derfor eit strategisk knytepunkt for trafikk mellom Sentral-Europa og Adriahavet.

Transportknutepunktet, industrien, og dei vitskaplege institusjonane gjer byen til det største økonomiske senteret i Kroatia.

Byen vart grunnlagd på 1000-talet, og er i dag eit eige fylke. Zagreb vart aldri ein del av Det osmanske riket, som mykje av nærliggande områda var. Derfor er ikkje gamle bygningar øydelagde, som i mange andre byar i det tidlegare Jugoslavia. Zagreb er ein fleirreligiøs by med romersk-katolsk erkebiskop, gresk-ortodoks erkebiskop, protestantisk biskop, ein storrabbin og ein muslimsk mufti.

Zagreb har ein internasjonal flyplass.

Attraksjonar

endre

Det finst mange sjåverdige stader i Zagreb, som til dømes Gornji Grad (sjå nedanfor), Zagreb katedral, Jelacictorget, Tomislavtorget, Strossmayerovtorget, Det kroatiske nasjonalteateret og Mimaramuseet.

Gornji Grad

endre

Gamlebyen i Zagreb heiter «Gornji Grad» (Øvrebyen) og inneheld mange gamle bygningar, som Sankt Marks kyrkje, parlamenta, Steinporten og Lotrščak-tårnet, der ein kvar dag klokka tolv avfyrer ein kanonsalutt.

Administrativ inndeling

endre

Zagreb ein eigen kommune, men er administrativt styrt på same nivå som fylka.[2][3] Hovudstaden er så delt inn i ei rekkje distrikt (gradska četvrt, «bydistrikt») med visse lokalstyrte oppgåver, fastlagd i Statuttar for byen Zagreb av 1. april 2001.[4]

Dei mest sentrale av dei 17 distrikta omfattar berre ein del av sjølve byområdet, medan nokre av dei omkringliggjande distrikta òg omfattar ein eller fleire forstader eller busetnader.

Namn Folketal 2001[5] Folketal 2011[6][7] Folketal 2021[1][7] Status
 1 Donji grad 45 108 37 024 31 209 Bydel
 2 Gornji Grad – Medveščak 36 384 30 962 26 423 Bydel
 3 Trnje 45 267 42 282 40 539 Bydel
 4 Maksimir 49 750 48 902 47 356 Bydel
 5 Peščenica – Žitnjak 58 283 56 487 53 023 Bydel og forstad
 6 Novi Zagreb – istok 65 301 59 055 55 898 Bydel og forstad
 7 Novi Zagreb – zapad 48 981 58 103 63 917 Bydel og forstad
 8 Trešnjevka – sjever 55 358 55 425 52 974 Bydel
 9 Trešnjevka – jug 67 162 66 674 65 324 Bydel
10 Črnomerec 38 762 38 546 38 084 Bydel
11 Gornja Dubrava 61 388 61 841 58 255 Bydel
12 Donja Dubrava 35 944 36 363 33 537 Bydel
13 Stenjevec 41 257 51 390 53 862 Bydel
14 Podsused – Vrapče 42 360 45 759 44 910 Bydel
15 Podsljeme 17 744 19 165 18 974 Bydel
16 Sesvete 59 212 70 009 70 800 Forstad
17 Brezovica 10 884 12 030 12 046 Forstad
Grad Zagreb 779 145 790 017 767 131

Dei største busetnadene i kommunen Zagreb er:

Distrikt Folketal 2001[5] Folketal 2011[6] Folketal 2021[1]
Zagreb 691 724 688 163 663 592
Sesvete Sesvete 44 914 54 085 55 313
Lučko Novi Zagreb – zapad 2 841 3 010 2 987
Hrvatski Leskovac Novi Zagreb – zapad 2 453 2 687 2 659
Odra Novi Zagreb – zapad 1 487 1 866 2 630
Veliko Polje Novi Zagreb – istok 1 104 1 668 2 122
Kupinečki Kraljevec Brezovica 1 718 1 957 2 015
Ježdovec Novi Zagreb – zapad 1 171 1 728 1 844
Ivanja Reka Peščenica – Žitnjak 1 783 1 800 1 753
Odranski Obrež Brezovica 1 406 1 578 1 503
Kašina Sesvete 1 487 1 548 1 402
Horvati Brezovica 1 470 1 490 1 401
Zadvorsko Brezovica 1 160 1 288 1 260
Hrašće Turopoljsko Novi Zagreb – zapad 1 156 1 202 1 232
Dobrodol Sesvete 176 1 203 1 165
Buzin Novi Zagreb – istok 141 1 055 1 074

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025. 
  2. «The Constitution of the Republic of Croatia» (PDF) (på engelsk). Constitutional Court of the Republic of Croatia. 15. januar 2014. Henta 7. januar 2025.  Offisiell omsetjing
  3. «Zakon o područjima županija, gradova i općina u Republici Hrvatskoj (Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia. Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 19. juli 2006. Henta 7. januar 2025. 
  4. «Statut Grada Zageba (Statuttar for byen Zagreb. Službeni glasnik (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 1. april 2001. Henta 8. januar 2025. 
  5. 5,0 5,1 «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025. 
  6. 6,0 6,1 «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025. 
  7. 7,0 7,1 «Popis satnovništva, kućantsva i stanova 2021. – Konaćni rezultati grad Zagreb (Teljing av befolkning, hushald og bustader 2021 – Endelege resultat for Byen Zagreb (PDF) (på kroatisk). Zagreb kommune. 9. november 2022. Henta 9. mars 2025. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Zagreb