Nukleinsyre

polymerisk makromolekyl

Nukleinsyrer er ein type polymerar som er biomolekyl, det vil seia at dei finst i organismar. Dei er makromolekyl som er spesialiserte til å lagra, overføra og bruke genetisk informasjon, og omfattar deoksyribonukleinsyre - DNA - og ribonukleinsyre - RNA.

Skjematisk framstilling av nukleinsyrene RNA og DNA.

OppbyggingEndra

Ei nukleinsyre er bygd opp av nukleotidar som består av ein pentose, ein organisk base og ei fosfatgruppe. Ryggen på ei nukleinsyre består av ei binding mellom ei fosfatgruppe og neste pentose. Denne bindinga er ei fosfodiesterbinding, og denne skjer mellom det 5. karbonatomet i ein pentose og det 3. karbonatomet i neste pentose.

KjelderEndra

  Denne kjemiartikkelen som har med biologi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.