Fosfat

salt eller ester av fosforsyre

Eit fosfat er eit salt eller ein ester av fosforsyre (H3PO4).[1] Fosfat er eit naudsynt plantenæringsstoff[2]. I alt liv er fosfat naudsynt, som del av DNA og RNA og som den energiberande delen av ATP-molekyla. Meir enn fjerdedeling av beina til ryggradsdyr er fosfat [3].

Kjemiske eigenskapar endre

Grunnforma til fosfat er eit ion samansett av eit fosfor-atom og fire oksygen-atom (PO43-). Vekta er 94,97 gram per mol. Fosfationet er den konjugerte basen til hydrogenfosfat (HPO42-), som atter er den konjugerte basen til dihydrogenfosfat (H2PO4-), atter den konjugerte basen til fosforsyre (H3PO4). Alle dei nemnte fosfat-formene er å finna i vatn. Kva form fosfatet ligg på kjem an på pH-en i vatnet.[4]

Referansar endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 13. april 2014, henta 9. april 2014 
  2. Mangelsjukdomar og andre ernæringsforstyrringar hos kulturplanter: årsaker, symptom, rådgjerder; Ivar Aasen; Landbruksforlaget
  3. Smil, Vaclav: «Phosphorus in the Environment: Natural Flows and Human Interferences» i Annual Review of Energy and Environment 25 2000
  4. https://en.wikipedia.org/wiki/Phosphate