Nukleon eller kjernepartiklar er eit samlenamn for proton og nøytron. Alle atomkjernar er bygde opp av nukleon.

Ein atomkjerne består av to typar nukelon: Proton (raud) og nøytron (blå). På denne figuren ser protona og nøytrona ut som små kuler som heng saman, men i røynda er det ikkje slik. Ein kan berre skildre nukleon nøyaktig ved hjelp av kvantemekanikk. Til dømes vil kvart nukelon i ein kjerne vere fleire stader samstundes, spreidd gjennom kjernen.

Nukleona er igjen bygd opp av kvarkar. Nukleontalet er talet på nukleon i ein kjerne. Ulike isotopar av eit grunnstoff vert oppgjevne med nukleontalet saman med namnet på grunnstoffet, til dømes 13C, som er ein karbonisotop med 13 nukleon. Nukelontalet vert òg kalla massetal.

I kjernefysiske prosessar kan nukleona skifta frå å vera proton til nøytron og omvendt.

Kjelder endre