Ny illustreret Tidende

Ny illustreret Tidende var eit norsk vekeblad som kom ut 1874–1890.

Framsida av Ny illustreret Tidende 3. juli 1887, med eit portrett av Carl Warmuth.

Bladet vart grunnlagt i 1874 av H.J. Jensen etter førebilete av det danske Illustreret Tidende frå 1859. I Sverige fanst også eit liknande blad, Ny Illustrerad Tidning (1865–1900). Gjennom åra var desse redaktørar for det norske bladet:

  • Kristian Anastas Winter-Hjelm 1874-1879 (han skreiv seinare namnet sitt Winterhjelm)
  • Knud Claussen januar 1880
  • Henrik Jæger januar-juli 1880
  • Jens B. Halvorsen juli 1880-februar 1883 [Note 1]
  • Constantius Flood februar 1883-januar 1886
  • Fredrik M. Wallem 1886-1890 [Note 2] [Note 3]

Bladet vart lagt ned i 1890.

Notar endre

  1. [1] SJå meir om Jens Braage Halvorsen på wikipedia.no
  2. [2] Sjå meir om Fredrik Meltzer Wallem på lokalhistoriewiki.no
  3. [3] Sjå meir om Fredrik Meltzer Wallem på en.wikipedia.org

Kjelder endre