Salmonsens konversationsleksikon

Salmonsens konversationsleksikon er eit dansk leksikon. Den første utgåva vart utgjeve av Isac Salmonsen som Salmonsens Store Illustrerede Konversationsleksikon i 19 band 1893–1911, på Brødrene Salmonsens forlag, som i 1911 vart teke over av J. H. Schultz Forlag. Tittelen Salmonsens konversationsleksikon vart teke i bruk på andre utgåve i 26 band 1915–1930, som er Danmarks største leksikon nokosinne. Den tredje utgåva hadde tittelen Den lille Salmonsen og vart utgjeve i 12 band 1937–1940. Ei fjerde og siste utgåve i eitt band, Den nye Salmonsen kom i 1949. I mellomtida hadde ein i 1941 byrja å gje ut Salmonsens Leksikon-Tidsskrift (SLT) med eit hefte kvar månad, som kom i 15 årgangar fram til 1955.

Etter første verdskrigen endra landegrensene seg så dramatisk at då Salmonsen i 1918 gav ut det bandet som inneheldt artikkelen «Europa», var det berre sett av plass til eit kart som kjøparane sidan kunne lime inn sjølve, når det var vedteke kvar dei nye grensene kom til å ligge.[1]

Verkets første utgåve inneheld etter måten mykje stoff om Noreg og norske tilhøve. Verket kom ut på eit tidspunkt då den norske bokmarknaden framleis vart rekna som heimemarknad for danske forlag, og danske forlag framleis var føretrekt av mange norske forfattarar. Av di det dertil mangla eit norskprodusert leksikon, valde forlagets redaksjon å utvikle leksikonet slik at det òg vart eit naturleg leksikon for norske kundar.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

.

Fotnotar

endre
  1. Henning Poulsen: Hitlers krig (s. 11), Gyldendal, 1990, ISBN 87-00-32462-0.

Bakgrunnsstoff

endre