Eit nyhende, ei nyheit eller noko nytt er ei fersk eller ny opplysning om ei ny, pågåande eller gamal sak eller hending. Nyhende får ein tak i i media eller på folkemunne. Sume media, så som aviser, har til hovudføremål å koma med nyhende. Eit nyhende kan vera mynta på heile ålmenta eller det kan vera mynta på mindre interessefelleskapar så som fagfolka innanfor eit fagfelt.

Typiske nyhende kan vera opplysningar om uhell og ulukker, hendingar i samfunnslivet – så som i politikken eller i økonomien eller hendingar som har med livet til einskildspersonar å gjera. Ein talar òg ofte om nyhende i samband med nye tankar, doktrinar, idear, ny kunnskap innanfor vitskapen, nye tekniske løysingar, ny formgjeving, nye motar osb.

Aviser og tidsskrift, radio- og fjernsynsstasjonar er tradisjonelle kanalar for formidling av nyhende til eit større publikum. Internett er ein nyare kanal som gjer det mogleg for fleire å formidla og kommentera det dei meiner er nyhende.

Spire Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.