Nynorskdagen
Nynorskdagen er ein nasjonal norsk dag for markering av nynorsk.[1] Han vert markert den 12. mai kvart år, som er datoen for jamstellingsvedtaket i 1885, då Noreg fekk to jamstelte skriftspråk. Dagen vert nytta til ei feiring av nynorsk som bruksspråk, der bedrifter, organisasjonar og privatpersonar vert oppmoda til å skriva nynorsk offentleg, til dømes i sosiale medium.[1] Oslo Mållag deler dessutan ut Målblomen til ein person eller ein organisasjon som har vore viktig for nynorsken. I 2019 gjekk denne til varaordførar i Oslo Kamzy Gunaratnam.[2]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Nynorskdagen», Noregs Mållag, henta 23. april 2024
- ↑ Nøttveit, Andrea Rygg (9. mai 2019), «Kamzy Gunaratnam fekk Målblomen 2019», Framtida, henta 23. april 2024
- Språkvoren hugtyngsle, klassekampen.no
- «Nynorskdagen!». nm.no. Arkivert frå originalen 25. mai 2020.