Nyrebork

Nyreborken (cortex renalis) er den ytre delen av nyra mellom nyrekapselen og nyremergen. Den former ei glatt og kontinuerleg overflate med fleire framspring (bertinske søyler) som går ned mellom nyrepyramidane. Borken inneheld nyrelekamar, nyretubuli, storparten av Henles sløyfe (resten ligg i nyremergen), blodårer og samlerøyr.

Syntese av erytropoietin og ultrafiltrasjon går føre seg i nyreborken.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.