Nyre

organ i kroppen til virveldyr som filtrerer ut avfallsstoff frå blodet slik at dei kan skiljast ut frå kroppen som urin

Nyrene (lat. ren) er organ i kroppen til virveldyr som filtrerer ut avfallsstoff frå blodet slik at dei kan skiljast ut frå kroppen som urin.

Lammenyrer på eit fat.
Foto: MiaK

Primatar, som menneske høyrer til, har to nyrer som ligg på kvar side av ryggraden, ved bakre bukvegg. Ei menneskenyre veg rundt 125-150 gram.

AnatomiEndra

 
Oppbygginga av ei nyre. 1:Nyrepyramide 4:Nyrevene 13:Nefron
 
Oppskoren grisenyre.
Foto: Thor-Rune Hansen

Nyrevevet består av to vevslag. Ytst ligg den raudbrune nyreborken (cortex renalis), medan den gulaktige nyremergen (medulla renalis) innanfor omgjev eit holrom kalla nyresinus (sinus renalis). I nyreborken ligg filtreringsapparatet til nyrene. Nyremergen, som er delt i 7-11, mest vanleg 8 kjegleforma vevsdelar, består av samlerøyr som leier urinen ut i nyrebekkenet. Det sit på den konkave delen av nyra, der ein også finn nyrearterien og nyrevenen. På denne staden er det også mykje laust feittvev.

Sjølve filtreringa skjer i medulla, nyrepyramidane, som inneheld rundt éin million blodrensande einingar kalla nefronar. Kvart døgn går det rundt 1 200 liter blod gjennom menneskenyrene. Viss nyrene sluttar å verka, vil avfallsstoffa samla seg opp og føra til urinforgifting.

  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.