Obafemi Martins
nigeriansk fotballspelar
Obafemi Akinwunmi Martins (fødd 28. oktober 1984 i Lagos) er ein nigeriansk fotballspelar som hausten 2011 spela for Rubin Kazan i den russiske fotballigaen, og for det nigerianske landslaget. Martins vart seriemeister i Italia med Inter i 2006. Han vart kåra til årets unge afrikanske spelar i 2003 og 2004. Han var Newcastle United sin toppskårar i Premier League i 2006/07-sesongen med 11 seriemål og delt toppskårar i 2008/09-sesongen med åtte seriemål.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Obafemi Akinwunmi Martins | ||
Fødd | 28. oktober 1984 | ||
Fødestad | Lagos | ||
Høgd | 172 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Rubin Kazan | ||
Nummer | 5 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1999-2000 2000-01 2001-02 |
Ebedei Reggiana Inter | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2002-06 2006-09 2009-10 2010- 2011 |
Inter Newcastle United Wolfsburg Rubin Kazan Birmingham (lån) |
88 (28) 88 (30) 16 (6) 14 (2) 4 (0) | |
Landslag | |||
2004- | Nigeria | 37 (18) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. september 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 25. mai 2011 |