Oblatfedrane
Oblatfedrane er det vanlege namnet på ein katolsk religiøs orden. Det fullstendige namnet er Congregatio Missionariorum Oblatorum Beatae Mariae Virginis Immaculatae – OMI, Oblatane av den usmitta Jomfru Maria. Ordenen har òg lekmenn.
Ordenen blei grunnlagd i Aix-en-Provence i januar 1816 av Eugène de Mazenod (1782-1861), som var prest i Marseille erkebispedøme og blei den fyrste generalsuperioren for ordenen. Ordenen blei stadfesta 17. februar 1826 av pave Leo XII. Formålet med ordenen var opphavleg å bidra til ei religiøs vekking i Aix-området etter religionsforfølgingane under den franske revolusjonen og uroa kring Napoleonskrigane. Ordenen voks likevel ut av den lokale ramma og blei ein misjonsorden med 4 000 oblatfedrar i 66 land.[1]
Eugène de Mazenod blei ordinert til biskop i 1837. Han blei heilagkåra 3. desember 1995 av pave Johannes Paul II.
Ordenen er òg verksam i Noreg med oblatfedrar som verkar i høvesvis Maria-forsamlinga i Askim og i St. Paul forsamling i Bergen.[2]
Kjelder
endre- ↑ St. Olav - katolsk kirkeblad, nr 5 - 2010, side 23
- ↑ «Oblatfedrene (O.M.I.)», Den katolske kirke (på norsk), henta 15. februar 2023
- Denne artikkelen bygger på «Oblatfedrene» frå Wikipedia på bokmål, den 15. februar 2023.