Ogooué, Ogowe eller Ogove er den viktigaste elva i Gabon i Afrika. Ho er den femte største elva i Afrika rekna ut frå vassføring.[1]

Ogooué
elv
Land  Kongo-Brazzaville,  Gabon
Kart
Ogooué
2°40′00″S 14°30′00″E / 2.6666666666667°S 14.5°E / -2.6666666666667; 14.5
Nedslagsfeltet til Ogooué
Nedslagsfeltet til Ogooué
Nedslagsfeltet til Ogooué
Wikimedia Commons: Ogooué

Geografi

endre

Ogooué har utspring 450 moh. 2°40′S 14°30′E / 2.667°S 14.500°E / -2.667; 14.500 2°40′S 14°30′E / 2.667°S 14.500°E / -2.667; 14.500, på eit sandete og nesten trelaust platå, Batéképlatået, som dannar vasskiljet mellom nedslagsfeltet til denne elva og Kongoelva. Ho flyt nordvestover, gjennom fleire fossar, og veks med tilførsle frå fleire bielver. Elva endrar retning etter at ho i nærleiken av ekvator har fått tilførlle frå elva Ivindo frå nord. Ho held fram mot vest, og seinare mot søraust. Etter at ho har fått tilførsle frå den største bielva si, Ngounié, blir ho svært brei og øyrik. Frå nord får ho meir vatn frå innsjøen Azingo og frå sør frå innsjøane Onangue og Anengue.

Den nordlegaste greina av deltaet, Nasaretelva, som renn ut i Nasaretvika nord for Kapp Lopez, har i den tørraste perioden av året ei djupne på 6-9 meter. Den sørlegaste renn ut i den store lagunen Nkomi, som heng saman med Atlanterhavet. Den store utstrekkinga til deltaet (omkring 120 km frå nord til sør) og dessutan den veldige vassmengda (som kjem av at elveområdet ligg innanfor det tropiske regnbeltet) gav ein gong grunn til å tru at elva var ei nordleg grein av Kongo, eller i alle fall ei av hovudelvene på kontinentet.

Lengda på elva er 1 200 km, nedslagsområdet 300 000 km² og deltasumpen er 4 800 km². Elva er farbar for mindre fartøy i 350 km opp til Ndjolé.

Utforsking

endre

Munningsområdet til elva blei tatt i fransk besittelse i 1873, og Victor de Compiègne og Alfred Marche drog i 1874 oppover elva til nesten 13° austleg lengd. Frå 1876 undersøkte Pierre Savorgnan de Brazza det øvre løpet til elva under fleire reiser, og tok samtidig området her i besittelse for Frankrike.

Kjelder

endre
  1. «Ogooué». Store norske leksikon (på norsk). 23. august 2023. 
  • Denne artikkelen bygger på «Ogooué» frå Wikipedia på bokmål, den 23. januar 2024.
  • Perusset André. 1983. Oro-Hydrographie (Le Relief) in Geographie et Cartographie du Gabon, Atlas Illustré led by The Ministère de l'Education Nationale de la Republique Gabonaise. Pg 10-13. Paris, France: Edicef.
  • Petringa, Maria. Brazza, A Life for Africa. Bloomington, IN: AuthorHouse, 2006. ISBN 9781-4259-11980. Describes Pierre Savorgnan de Brazza's extensive explorations of the Ogoué River basin.
  • National Geographic. 2003. African Adventure Atlas Pg 24,72. led by Sean Fraser.
  • Gardinier David. 1994. Historical Dictionary of Gabon 2nd Edition. USA: The Scarercrow Press, Inc.
  • Direction General de L'Environnement.1999. Stratégie nationale et Plan D'action sur la biodiversité biologique du Gabon.
  • The Atlas of Africa. Pg 201. by Regine Van Chi-Bonnardel. Jeune Afrique Editions.
  • Lerique Jacques. 1983. Hydrographie-Hydrologie. in Geographie et Cartographie du Gabon, Atlas Illustré led by The Ministère de l'Education Nationale de la Republique Gabonaise. Pg 14-15. Paris, France: Edicef.
  • Ogove i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1914)