Ohre
Ohre er ei elv i Niedersachsen og Sachsen-Anhalt i Tyskland og ei av sideelvane til Elbe frå høgre med ei lengd på 103 km. Ho har sitt utspring nord for Wolfsburg, i Niedersachsen og renn hovudsakleg søraustover, og følgjer først grensa mellom Niedersachsen og Sachsen-Anhalt. Etter Buchhorst renn ho inn i Sachsen-Anhalt langs Mittellandkanal. Ho munnar ut i Elbe nær Burg, nord for Magdeburg. Byane Brome, Calvörde, Haldensleben og Wolmirstedt ligg langs elva. Den øvre delen av Ohre ligg i naturreservatet Drömling.
Ohre | |||
elv | |||
Ohre ved Calvörde
| |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Lengd | 103 km | ||
Kjelde | Ohrdorf | ||
Munning | Elbe | ||
Ohre 52°18′40″N 11°45′55″E / 52.311111°N 11.765278°E | |||
Wikimedia Commons: Ohre |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ohre» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mars 2007.