59°51′37.75″N 10°40′14.15″E / 59.8604861°N 10.6705972°E / 59.8604861; 10.6705972

Badestrand, badehus, kai og båthamn ved Oksval. Utsikt mot Bunnefjorden og Oslo. Nesoddferja kan skimtast på fjorden.
Oksval område på Nesodden. Filmen viser først eit panorama over kystlina frå Nesoddtangen brygge til Hellevik. Så flyr vi over Oksval båthamn, Oksval Brygge og Oksval badestrand og friområde. Også dei særegna badehuse og badeflåten er filma. Til slutt gis det eit overblikk over Oksval-området.

Oksval er ei grend i Nesodden kommune i Akershus om lag 1 til 2 kilometer sør for ferjekaia på Tangen. Oksval ligg på austsida av Nesoddlandet mot Bunnefjorden. Området er tett bygd ut og er ein del av tettstaden Nesoddtangen. Ved Oksval brygge finst båthamn og ei offentleg badestrand. Her er også dei særprega badehusa Nesodden er kjent for. Kyststien på Nesodden går om Oksval frå Tangen til Hellvik og vidare til Blylaget. Steinerskulen driv barnehage på Oksval. Skrivet Oksval-posten har kome ut med ujamne mellomrom sidan august 1945. Det er no Oksval Vel som er utgjevar.

Namnet Oksval kjem av tyske munkar frå cisterciensarordenen (frå klosteret på Hovedøya) som hadde beite for feet sitt i området: Oxwald, Ox er okse og Wald er skog.

Bakgrunnsstoff endre