Opna hovudmenyen

Ola Dybwad-Olsen

norsk fotballspelar

Ola Dybwad-Olsen (fødd 4. august 1946) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Oslo som har spelt fleire kampar på Lyn enn nokon annan.

Ola Dybwad-Olsen

Ola Dybwad-Olsen (1964).jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. august 1946
Oslo
Idrett fotball
Yrke fotballspelar

Dybwad-Olsen debuterte på Lyn i 1964 og spelte for klubben i femten sesongar. I siste halvpart av 1960-åra danna han saman med Harald Berg eit unikt angrepspar i norsk klubbfotball. Han vart cupmeister i 1967 og skåra heile 25 seriemål på 18 kampar då Lyn i 1968 vann både serien og cupen. Fram til 1978 skåra han i alt 119 seriemål på 219 kampar i 1. og 2. divisjon. Han avslutta med fire sesongar, 1979-82, i 3. divisjon med Stabæk IF.

Frå 1968 til 1972 spelte Dybwad-Olsen 24 landskampar og skåra 10 landslagsmål.

MerittarEndra

  • Noregsmeister: 1967 og 1968 med Lyn
  • Seriemeister: 1968 med Lyn
  • Tapande cupfinalist: 1970 med Lyn