Ola Olsen
Ola Olsen (25. oktober 1891–13. april 1973) var ein norsk funksjonær og politikar frå Finnås (Bømlo) i Hordaland. Han var 1954-61 stortingsrepresentant frå Hordaland, vald for Kristeleg Folkeparti.
Ola Olsen | |||
Fødd | 25. oktober 1891 | ||
---|---|---|---|
Død | 13. april 1973 (81 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar, kontorsjef, motstandskjempar | ||
Alle verv |
|
Far hans var bøkker og emissær. Sjølv gjekk han Framnes ungdomsskule i Hardanger 1909/10 og var sidan kontorsjef ved Wichmann motorfabrikk frå 1911 til 1954.
I 1913 stifta Olsen fråhaldslaget Losje Wichmann og seinare var han styremedlem i Hordaland IOGT. Åra 1918-24 var han formann i Bremnes Misjonsforeining, eit lag tilslutta Det norske misjonsselskap. Han var også formann i Bremnes Helselag og i Den indre sjømannsmisjon sitt lokallag på Bremnes. Tida 1951-60 var han landsstyremedlem i Den indre sjømannsmisjon.
Olsen var med i Bremnes heradsstyre 1928-31. Hausten 1953 vart han vald til å representere Hordaland fylke og Kristeleg Folkeparti på Stortinget. Han vart attvald fire år seinare, og var begge fireårsperiodane medlem i Militærkomiteen.
Olsen vart heidra med fleire utmerkingar. Etter andre verdskrigen tok han for sin innsats i krigsåra imot den britiske «The Kings Medal for Courage in the cause of Freedom». I 1950 vart han tildelt Norges Vels medalje for arbeidet som kontorsjef ved Wichmann motorfabrikk og i 1964 vanka Kongens fortenstemedalje i gull på han.
Olsen skreiv jubileumsboka Wichmann Motorfabrikk A.L. 1903-1953 og ein artikkel «Glimt frå okkupasjonsåra», i Sunnhordland Årbok 1965.