Ola Røtvei
Ola Røtvei (fødd 4. november 1953) er ein norsk gardbrukar og politikar frå Oppdal. Han var stortingsrepresentant 1990-2001 for Arbeidarpartiet og ordførar i Oppdal kommune i til saman 16 år.
Ola Røtvei | |
Fødd | 4. november 1953 (67 år) Oppdal |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar, bonde |
Røtvei var ordførar i Oppdal kommune valperioden 1988 til 1991. Frå hausten 1990 til 1993 møtte han på Stortinget som vararepresentant for statsråd Gunhild Øyangen frå Sør-Trøndelag. Deretter hadde han fast stortingsplass i tida 1993-2001. Aller desse stortingssesjonane var han med i Samferdslekomiteen, nestformann i komiteen frå mars 2000 til ut sesjonen 2000/01.
Då Arbeidarpartiet fekk langt færre representantar etter Stortingsvalet 2001, vart ikkje Røtvei attvald, men måtte nøye seg med å vere fyrste vararepresentant. Han gjekk då tilbake til kommunepolitikken og var ordførar i Oppdal frå 2003 til 2015.