Olav Røkke
norsk pedagog
Olav Røkke, døypt Ole Johan, (21. juli 1881–15. august 1956) var ein norsk folkehøgskolestyrar, lokalhistorikar og forfattar.
Olav Røkke | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. juli 1881 Skatval |
Død |
15. august 1956 (75 år) |
Yrke | lærar, lokalhistorikar |
Born | Øystein Rykkja |
Olav var fødd på Skatval som son av Ole Petersen Røkke og Anne Jensdtr. Røkk. Han voks opp på Røkke Nordre gnr. 60/6 og var gift med Andrea Margrete Pedersdtr. Husøy frå Sandøy i Romsdal.
Han var lærar på Torshus folkehøgskule i Orkdal 1923–1935, so eigar og styrar av Vefsn folkehøgskole i Mosjøen 1935–1949.
Bibliografi
endre- Skatval herad i 25 år : 1902 - 1926. Skatval Historielag 1928. 92 sider.
- På kjende stader. Skatval Historielag 193?. 29 sider.
- Folket mitt. Skatval Historielag 1951. 142 sider.
- Stjørdalsboka bind 4: Gards- og slektshistorie Skatval herad. Skatval Historielag 1954. 778 sider.
- Med Olav Bjørgum: Soga um Våpnfjordingane.
- Soga um Bård Snøfjellsås.
- Soga um Grette Åsmundsen.
- Romsdals amt.
Referansar
endre- Skatval. Gårds- og slektshistorie. Bind 3 side 25-26.