Olavsmerket er Den norske kyrkja sitt offisielle våpen, fastsett ved kronprinsregentens resolusjon 28. september 1990. Våpen er i raudt ein gull kløverbladkross lagt over to økser med gull skaft og sølv blad som vender utover. Våpenmotivet, Olavsmerket, er det merket som lenge har vore oppfatta som fellesmerke for Den norske kyrkja. Den vanlegaste tolkinga er at det universelle kristne symbolet - krossen - er lagt over norske kristne symbol - Heilag-Olavs martyrøkser.

Olavsmerket, Den norske kyrkja sitt våpen
Olavsmerket som konturteikning

Våpenet kan brukast av offisielle organ i Den norske kyrkja, blant anna på brevpapir. Ved svart/kvitt-trykk nyttar ein ei konturteikning av våpenet.

Historie

endre

Den eldste bruken av krossen og olavsøksene i segl er kjend frå erkebiskop Gaute (1475-1510) og biskop Holk (1453-83). Den første som nytta merket om lag slik det er i dag, var erkebiskop Erik Walkendorf som var erkebiskop i Nidaros 1510-22.

Ut over 1900-talet diskuterte biskopane i Den norske kyrkja fleire gonger utforming av segl og våpen. Dei har halde på at Olavsmerket er det samlande symbolet for Den norske kyrkja. Krossen er symbolet for den universelle kristne kyrkja. Heilag Olavs martyrdød har gjort øksa til symbol for den nasjonale kyrkja i Noreg.

Martyrsymbol eller maktsymbol?

endre

Olavsmerket syner øksene som drap Olav, ikkje sverdet han sjølv slost med. Men Olav fall i kamp fordi han levde ved sverd, og det er peika på at våpenet til Den norske kyrkja signaliserer institusjonell makt, og kanskje òg valdsbruk.

Kjelder:

endre