«Old Shep» er ein song skriven av Red Foley og Arthur Williams i 1933, om hunden Foley hadde som barn. I røynda var hunden, som vart forgifta av naboen, ein tysk gjetarhund kalla «Hoover.»[1][2] Foley spelte først inn songen i 1935, og igjen i 1941 og 1946.

Andre versjonar endre

Songen vart spelt inn av mange artistar, som Hank Snow og Elvis Presley, og vart ein countryklassikar.[3]

Elvis Presley-sambandet endre

Den 3. oktober 1945 song Elvis Presley «Old Shep» berre ti år gamal som den første offentlege framsyninga si, ein songkonkurranse kalla Mississippi-Alabama Fair and Dairy Show. Han var utkledd som ein cowboy og stod på ein stol for å nå opp til mikrofonen. Han kom på femteplassen og vann fem dollar og ein gratisbilett til tivoliet.[4] Seksten år gammal, i 1951, framførte han songen igjen for talentshowet i L.C. Humes High School, der han var student, og vann eit ekstranummer for framsyninga si.

Andre versjonar endre

Ein versjon sungen av Clinton Ford gjekk inn på UK Singles Chart i oktober 1959, og låg ei veke på 27. plassen.[5][6]

I den britiske situasjonskomedien Only Fools and Horses er «Old Shep» favorittsongen til Del Boy om ein hund.

Den columbinanske musikaren Marco spelte inn ein spansk versjon i 1986.

Led Zeppelin-songen «Bron-Y-Aur Stomp», som handlar om hunden til Robert Plant, nemner «Old Shep» i linja «When you're old and your eyes are dim / Ain't no Old Shep gonna happen again.»

Kjelder endre

  1. Wolfe, Charles K. (2015). Kentucky Country: Folk and Country Music of Kentucky, University Press of Kentucky, s. 131.
  2. The Encyclopedia of Country Music, Oxford University Press, (2012), s. 166.
  3. «Red Foley Fans Tribute». My space. Henta 14. mars 2009. 
  4. «Biography», Elvis.com .
  5. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records. s. 207. ISBN 1-904994-10-5. 
  6. Mawer, Sharon. «Biography». All music. Henta 30. september 2016.