Old Tjikko
Old Tjikko er ei 9 550 år gammal gran som veks på Fulufjället i Dalarna I Sverige. Ved målingar og testar har ein kome fram til at det er det eldste kjende treet i verda. Daude restar av rotsystemet har ein aldersbestemt ved C-14-datering. DNA prøver syner at det er same treet som veks i dag.
Skildring
endreOld Tjikko har hatt mange stammer opp gjennom år, men dei har døydd av alder, og er i stor grad nedbrotne. Delar av rotsystemet har heile tida overlevd, og nye stammer har vakse fram.[1] Treet som no står har hatt ei høgd på omlag fem meter. Denne har vorte redusert vinteren 2023 av tunge snømengder.[2]
Treet har namn etter Tjikko, hunden til finnarane av treet.[3]
Kjelder
endre- ↑ «Världens äldsta nu levande träd finns i Dalarna». www.umu.se (på svensk). Umeå universitet. 16 april 2008. Henta 13. mai 2021.
- ↑ «Världens äldsta träd har gått av – tung snö knäckte Old Tjikko». www.svt.se (på svensk). svt nyheter. 10 februar 2023. Henta 11. februar 2023.
- ↑ Landau, Elisabeth (6 maj 2008). «World's oldest tree points to global warming impact» (på engelsk). CNN. Henta 13. mai 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Old Tjikko» frå Wikipedia på svensk, den 11. februar 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Fulufjällets nationalpark Old Tjikko