Olderfjorden i Kvænangen
fjord i Kvænangen
Olderfjorden (nordsamisk: Dorskevuonna) er ein fjordarm av Kvæangen i Kvænangen kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 4,5 km nordaustover til Olderfjord i botn av fjorden.
Olderfjorden | |||
fjord | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Kommune | Kvænangen | ||
Del av | Kvænangsfjorden | ||
Olderfjorden 70°09′27″N 21°25′39″E / 70.15761889°N 21.42746°E |
Fjorden har innløp mellom Coagangáddi i nord og Nersokkodden i sør. Bukta er ei lita grend som ligg like utanfor Olderfjord. Mellom desse går det veg, men ingen av dei har vegsamband til resten av kommunen. Fjorden er omgjeve av høge fjell. På nordsida ligg Nakkefjellet (748 moh) og Sukkertoppen (714 moh). På sørsida ligg Middagsfjellet (392 moh) og Nærsokk (526 moh).