Oldevatnet
Oldevatnet er ein innsjø i Olden i Stryn kommune i Vestland. Han har eit areal på 7,89 km² og ligg 33 meter over havet.[1]
Oldevatnet | |||
innsjø | |||
Oldevatnet med Melkevollbreen i bakgrunnen.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Stryn | ||
Tilsig | Dalelva | ||
Utløp | Oldeelva | ||
Høgd over havet | 33[1] moh. | ||
Areal | 7,89[1] km² | ||
Middeldjupn | 94[2] m | ||
Koordinatar | 61°44′N 6°48′E / 61.733°N 6.800°E | ||
Oldevatnet 61°45′40″N 6°49′00″E / 61.761147222222°N 6.8167777777778°E | |||
Wikimedia Commons: Oldevatnet |
Oldevatnet består av to basseng med ei samla lengd på 12 kilometer, og som er knytte saman gjennom eit smalt sund. Innsjøen ligg mellom høge fjell og strandsona er dei fleste stadar bratt og består av grus og stein. Utløp er i nord gjennom Oldeelva. Den største tilløpselva er Dalelva, som renn inn i sørenden av vatnet. Dalelva har utspring frå fleire av Jostedalsbreens utløparar, blant anna Briksdalsbreen, og vatnet i elva er i store dele av året sterkt farga av sediment frå breane.[3]
I 1938–42 vart vasstanden i Oldevatnet senka med halvannan meter ved at stein og grus frå morenen som demmer opp vatnet vart fjerna. Føremålet med senkinga var å unngå flomskadar på gårdsbruka rundt Oldevatnet.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «NVE Atlas – Innsjødatabase (NVE regnar dei to bassenga av Oldevatnet som separate innsjøar, og det oppgitte arealet er summen av dei to.)». Henta 3. mars 2015.
- ↑ «NVE Atlas – Dybdekart». Henta 3. mars 2015.
- ↑ Verdiar i Oldenvassdraget, Stryn kommune i Sogn og Fjordane. VVV-rapport 1999-3. (PDF). Trondheim: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 1999. Utgitt av Direktoratet for naturforvaltning i samarbeid med Norges vassdrag- og energidirektorat. 1999. s. 11.