Ole Østmo (13. september 186611. september 1923) var ein norsk skyttar og industrigrunnleggjar frå Elverum som var aktiv på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet.

Ole Østmo
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. september 1866
Elverum kommune
Død 11. september 1923 (56 år)
Christiania
Idrett skytesport
Tok del i shooting at the 1900 Summer Olympics – men's 300 metre free rifle, prone, shooting at the 1900 Summer Olympics – men's 300 metre free rifle, standing, shooting at the 1900 Summer Olympics – men's 300 metre free rifle, three positions, shooting at the 1900 Summer Olympics – men's 300 metre free rifle, team

Skyttarkarriere

endre

Ole Østmo deltok i skyting under Sommar-OL i Paris i 1900 og tok fire olympiske medaljar. Han vann sølv i armégevær, ståande og lagskyting armégevær. I tillegg tok han bronsemedalje i sammanlagt, armégevær (ståande, kneståande og liggande summert) og liggande, armégevær.

Lagmedaljen i armégevær var den første lagmedaljen til Noreg i OL. Forutan Østmo, deltok Olaf Frydenlund, Hellmer Hermandsen, Ole Sæther og Tom Seeberg på det norske laget.

Østmo tok òg fleire medaljar i det første VM i skyting i Lyon i 1897; han tok gull i ståande, og sølv i samanlagtøvinga. Det norske laget vann sølv i lagskytinga.

Industri

endre

På slutten av 1880-talet starta Ole Østmo Kverndals Brug og Kverndalens Snedkeri og Mekaniske Verksted saman med broren Christian. Christian var mekanikar og oppfinnar, Ole hadde størst interesse for elektro og telefonar. Dei fekk oppretta eige postopneri med eige poststempel: “Kverndalen” (seinare “Jømna”). På slutten av 1890-talet flytte Ole elektronikkbedrifta til Kristiania. Agentur for LM Ericsson i Sverige var viktig for bedrifta.

OL-medaljar

endre
  • 1900   Paris -   Sølv i skyting, 300 m armégevær ståande
  • 1900   Paris -   Sølv i skyting, 300 m armégevær, 3 stillingar, lagskyting
  • 1900   Paris -   Bronse i skyting, 300 m armégevær liggande
  • 1900   Paris -   Bronse i skyting, 300 m armégevær, 3 stillingar

Kjelder

endre