Elverum

tettstad i Elverum

Elverum er ein tettstad og administrasjonssenteret i Elverum kommune i Innlandet. Tettstaden ligg ved Glåma, med Leiret på austsida og Vestad på vestsida av elva, og har 14 877 innbyggjarar per 1. januar 2017. Dei fleste sentrumsfunksjonane og størsteparten av busetnaden ligg på Leiret. Her ligg rådhuset og den kommunale administrasjoenn, og ein del offentlege kontor som har heile Østerdalen eller Sør-Østerdal som verkeområde. På vestsida av elva ligg mellom anna jarnbanestasjonen, Skyte- og Vinterskolen for Infanteriet (Terningmoen) og ein del industri. Norsk skogmuseum og Glomdalsmuseet ligg i Elverum.

Elverum
tettstad
Leiret Elverum.jpg
Hovudgata i Elverum
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Elverum
Areal 11,12 km²
Folketal 14 877 (2017)
Folketettleik 1 338 / km²
Postnummer 2406 Elverum
Innbyggjarnamn elverumsing,
elverumsokning,
leirsing
Preposisjon Elverum
Kart
Elverum
60°52′0″ N 11°34′0″ E
Wikimedia Commons: Elverum (town)

Tettstaden Elverum voks opp under skansen i Christiansfjeld, som vart bygd i 1680-åra. Frå 1750 vart den kjende Grundsetmartn halden her, og med utbygging av kommunikasjonane i nyare tid har staden styrkt posisjonen som handels- og skulesentrum.

Kommunestyret vedtok bystatus for Elverum i 1996. Namnet «Leiret» kjem av 'Elverums leir', her i tydinga militær leirplass.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra