Ole Andreas Steen
norsk politikar
Ole Andreas Steen (22. mars 1839–18. november 1927) var ein norsk snikkarmeister og stortingsmann frå Kristiansand. Han representerte partiet Høgre.
Ole Andreas Steen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. mars 1839 |
Død |
18. november 1927 (88 år) |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Høgre |
Steen var son til ein arbeidar. Sjølv var han snikkarmeister i heimbyen frå 1861 til 1900. Han var medlem av bystyret i 18 år. Vidare var han presten sin medhjelpar i tolv år og styremedlem i Kristiansand og Omgens fellesforeining for indremisjon i 35 år. Om lag 30 år var han med i styret for vaisenhuset Ebenezer, også formann ei tid.
Steen var 1. representant for Kristiansand på Stortinget 1889-91. Han var medlem av budsjettkomiteen.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914