Ole Bugge-Asperheim

Norsk prest og forfattar

Ole Bugge-Asperheim (7. juli 184616. april 1891) var ein norsk prest og forfattar frå Årdal. Han tok teologisk embetseksamen i 1871. Våren 1872 reiste Bugge-Asperheim til Amerika der han i 3 år var prest i Rock River i Wisconsin. Sidan var han professor ved den norske synode sitt teologiske seminar til han i 1878 fekk stillinga som den første sjømannspresten i New York. På grunn av helsa søkte Bugge-Asperheim seg etter 2 år tilbake til Norge og vart i 1880 utnemnd til sokneprest i Hjartdal i Telemark. Frå 1884 var han sokneprest i Froland.

Ole Bugge-Asperheim
Fødd 7. juli 1846
Død

16. april 1891 (44 år)

Yrke skribent

Bugge-Asperheim skreiv fleire artiklar i kyrkjebladet Luthersk ugeskrift og i dagspressa, forutan fleire større og mindre skrift.

Bibliografi endre

  • 1886 – Den bibelske historie : en ledtraad for skolen og hjemmet (Kristiania: Cammermeyer) I fulltekst ved nb.no
  • 1886 – Om kirkegang og den offentlige Gudtjeneste (Kristiania)
  • 1887 – Darvinisme eller evolution og evolutionsteorier (Kristiania)
  • 1888 – I anledning af Bjørstjerne Bjørnsons foredrag om engifte og manggifte (Arendal)
  • 1889 – Dæmring og Dag (Kristiania) I fulltekst ved nb.no
  • 1889 – Gjenfødelse ved Daaben (Arendal)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre